Rette feil i omsetjinga av KDE i Skulelinux 3.0
Det er no laga ei løype for å rette feil i omsetjinga av KDE som er i Skulelinux 3.0. Viss brukarar finn feil som dei gjerne vil ha retta, så er det mogeleg å sende e-post til omsetjarane som kan rette opp feilen. Med ujamne mellomrom vil det bli bygd nye pakkar som så blir tilgjengelege i pakkearkiva.
Framgangsmåte for innsending av omsetjingsfeil
Lag ein e-post som inneheld ei god skildring av feilen. Denne må innehalde flest mogeleg av desse punkta:
- Kva for program feilen er i.
- Kva versjon av KDE som er installert.
- Eit skjermbilete av feilen.
- Skriv «Oversettelsesfeil» i emnefeltet til e-posten, så er det lettere for moderatoren av e-postlista å kjenne igjen meldingen.
Send e-posten til e-postlista for omsetjarar <i18n-no<at>lister.ping.uio.no>.